Telefon:

(+47) 476 40 826

E-post:

anne.linn.kvalsund@gmail.com

Anne Linn Kvalsund

Eg er opprinneleg frå Fosnavåg på Sunnmøre. Eg har i tillegg til Bachelor frå KHIB, utdanning i Lysdesign og eit år praksis. Eg er opptatt av korleis lyset kan vere med på å forme arkitekturen og gjere den meir lesbar. Mennesket er i fokus og kva som møter ein når ein går gjennom eit bygg og opplevelsar ein då får. Eg synes det er interessant korleis arkitekturen vert meir menneskeleg gjennom korleis lyset treff teksturen. Eg jobbar mest med lys gjennom utprøving i modell, på materiale og i 3D. Kan arkitektur fortelje ei historie?

Kan rom vere så sterke narrative at vi ikkje treng ord eller bilete for at brukarane forstår historia? Eller kor mykje av ei historie kan foteljast utan ord og bilete? To av mine viktigaste verkemiddel for utforming av rom er korleis bruke vandringa, rørsla til brukarane i møte med rom, samt lys som er viktig for å gi ei gitt stemning. Eg har i masteroppgåva mi sett nærare på dette og brukt det vidare i å utforme ei vandring som skal fortelje om ein kystby sitt nære forhold til havet.

Anne Linn Kvalsund Anne Linn Kvalsund Anne Linn Kvalsund Anne Linn Kvalsund Anne Linn Kvalsund