Telefon:

(+47) 922 36 348

E-post:

mariabjorlykke@gmail.com

Nettside:

www.mariabjorlykke.no

Maria Jenny Bjørlykke

Som designar har eg eit ynskje om å skape bærekraftig design. I den samanhengen tenker eg at eit produkt har emosjonelle kvalitetar i tilegg til det estetiske og funksjonelle. Det er desse kvalitetane eg freistar å søke. Med utgangspunkt i dette ynskjer eg å skape samanhengar mellom innhald og visuelle grep. I prosessen søker eg historier og assosiasjonar som bakgrunn for val eg tek undervegs. Denne heilskapstanken fylgjer meg gjennom dei ulike fasane i ein prosess.

«Kapell»

Kapellet har som oppgåve å vere eit rom for mennesker i søken etter ro og ettertanke. Rommet skal også legge til rette for samhald og fellesskap rundt eksistensielle tema. Menneskeverd er ein tematikk som står sentralt, noko som kjem til uttrykk i materialval og formuttrykk. Hovudelementet i kapellet er den perforerte veggen som strekker seg rundt heile rommet. Mønsteret i perforeringa er knytt opp mot kristen symbolikk, og freistar å vere ei referanse til tradisjonell utsmykning av kyrkjerom. Eg har lagt vekt på å skape ein heilskap mellom funksjon og visuelle grep, og med dette legge til rette for undring og ettertanke.

Maria Jenny Bjørlykke