Masterprosjektet mitt er eit personleg motivert prosjekt med utgangspunkt i bakgrunnen min frå fleirårig musikkutøvning i klassisk fløyte og jazzsaksofon – satt i relasjon til utdanninga mi i visuelle fag som design og fotografi. Dette har leia meg til ei tverrfagleg undersøking med mål om å lære om sambandet mellom lyd og bilete, for så å etablere ein (design-)metode som dannar grunnlaget for vidare arbeid og utvikling. Eg kjem mest sannsynleg til å fortsette å jobbe i grenselandet mellom det auditive og det visuelle, med film og projeksjon for m.a. scene, teater og formidling.
Masterprosjektet mitt er eit researchbasert prosjekt om slektskapet mellom det visuelle (kommunikasjon for auga) og det auditive (kommunikasjon for øyra). I dagens audiovisuelle mediesamfunn er kominasjonen av lyd og bilete ein sjølvfølgje, fordi teknologiske innovasjonar stadig har brote ned barriera mellom dei to media. Men ein etablert disiplin om audiovisualitet eksiterar ikkje (ennå), og mykje av meksemda kring kryssansning ligg i dag mellom film og musikktradisjon. Undervegs i prosessen oppdaga eg projeksjonsmapping, ein ny visualiseringsmetode som handlar om å utnytte lys og skugge i eit todimensjonelt plan for å skape ei tredimensjonell flate. Prosjektet fekk med denne teknikken ein uttrykksmåte som eksisterar i mellomrommet mellom transformasjon og illusjon, påverknad og oppleving.
På utstillinga kjem Anne-Linn Kvalsund og eg til å vise eit tverrfagleg prosjekt med projeksjon på 3D-skulptur, i grenselandet mellom interiør og visuell kommunikasjon.